Stay Signed In
Do you want to access your site more quickly on this computer? Check this box, and your username and password will be remembered for two weeks. Click logout to turn this off.
Stay Safe
Do not check this box if you are using a public computer. You don't want anyone seeing your personal info or messing with your site.
Linda Tjørhom er ei av verdas beste kvinnelege skiskyttarar. Ho kjem frå den vesle staden Tjørhom i Sirdal Kommune. Er sambuar med herrelandslagstrener Roger Grubben og bur på Sinnes, nabogrenda til Tjørhom. Som 11-12 åring starta Linda med skiskyting i det lokale idrettslaget Sirdal Skilag. Ho hadde alereie då gått langrenn i nokre år. Ho vart tidleg betegna som eit stort talent av trenarane, og som 14 åring vann ho hovedlandsrennet i skiskyting. Det skulle vise seg at Linda hadde mykje å fare med. Som elev ved Sirdal vgs fekk ho moglegheiten til å kombinere idrett med skule, og ho vann seinare Junior-VM gull i stafett saman med m.a. Gro Marit Istad Kristiansen. Det var også når ho gjekk på videregåande at ho gjorde den endelege beslutninga om å velge skiskyting framføre langrenn.
Etter mykje trening og slit kom ho etterkvart med på landslaget. Ho debuterte i VM med fullt hus og 14.plass på normalen, i Holmenkollen. I tillegg var ho også Noregs beste kvinne. Seinare i karrieren har Linda bevist gong på gong at ho verkeleg er ein god skyttar. Det er her ho har styrken sin. Linda har til no 3 verdscupseire og fleire andre og tredje plasser, samt ein bronse frå VM 2005 i Hochfilzen på normalen.
No ladar Linda opp til OL, og er medaljekandidat på normalprogrammet, samt på stafetten.