Stay Signed In
Do you want to access your site more quickly on this computer? Check this box, and your username and password will be remembered for two weeks. Click logout to turn this off.
Stay Safe
Do not check this box if you are using a public computer. You don't want anyone seeing your personal info or messing with your site.
Dette er ei fanside for Linda Grubben, ei av Noregs beste skiskytterinner, om ikkje den beste :)
Målet med sida er å vise Linda vår støtte, og oppdatere og informere om ting rundt Linda, har også blitt samla ein del bilete frå diverse stader på nettet på denne sida.
5208 hits
09.12.06: Ei ny helg er snart over, og Linda har fått to nye, gode resultater. Med ein sjettplass i går, og ein andreplass i dag, er det fortsatt leiing i jaktstartscupen, og ein solid andreplass i verdscupen sammenlagt. I morgon er det stafett, der det norske laget må belage seg på veldig hard konkurranse. Blant dei norske jentene er det berre dei to som bur på Sinnes som greier å innfri. Ann Kristin gjekk i dag inn til ein fin 18.plass.
Etter planen skulle ikkje Linda gå i Osrblie neste helg. Og at løpa vert flytta til Hochfilzen, der ho no befinn seg, endrar ikkje på desse planane. Neste helg er det noregscup på Dombås som gjeld for Linda. Deretter er det heim til jul. Uansett om ho stiller i verdscupen eller ikkje, førjulsesongen har vore over all forventning.
07.01.07: Og i dag kom sesongens andre verdscupsiger. Med eit halvt minutt vann Linda foran fleire av sine konkurenter. Ho seiler opp som ein av dei største favorittane til VM, og då spesielt jaktstarten (med top sigrer og ein andreplass av tre renn) 05.01.06: Etter ein velfortjent juleferie var det klart for showrenn i Tyskland, og deretter verdscuprunde i Oberhof. Showrennet vann Linda lett, i tospann med Ole Einar Bjørndalen. Og etter ein forrykande sistetappe av Linda på kvinnestafetten, bar det opp til ein fjerdeplass på sprinten. Alt i alt, ei veldig god veke for Linda. Utgansgpunktet er også bra foran jaktstarten på søndag. Formen er tydeligvis i anmarsj med tanke på VM, så dette kan bli kjekt (eller: endå kjekkare)
06.02.07: VM er allereie godt i gang. Og grunna reiser og anna styr har det ikkje vore oppdatering her på ei stund. Linda har fortsatt med sine gode plasseringer frå sist gong, og kjem som oftast blant dei seks beste. I skrivande stund ligg ho på tredje plass i verdscupen (og då har hu stått over løpa i Osrblie). På søndag tok ho sin andre individuelle VM-medalje, med eit imponerande løp. Ho gjekk seg opp frå ein 18. plass til ein flott sølvmedalje. Dei to ståande skytingane hennar kan ikkje samanliknast med noko ein har sett før, særskild ikkje frå ei kvinne. Og når ho i tillegg spurtslår verdscupleiaren, Anna Carin Olofsson, så er løpet så godt som gull. Ser lyst framover på resten av meisterskapet. Sidan ho allereie har oppnåd målet med medalje kan ho senke skuldrene og gjere sitt beste utan press. Også Ann Kristin gjorde eit godt løp på laurdagen, fullt hus og stor fart i sporet gav ho ein 5.plass. Karrierebeste, på det finaste tidspunktet. I morgon er det normalprogram, og torsdag ventar ein mix-stafett med forhåpentligvis både Linda og Ann Kristin på laget...!?
07.02.07: Då var dagen her. Linda Grubben har tatt sitt første individuelle VM-gull. Og det på ein måte som knapt kan gjerast betre. Med fire fulle hus, og god fart i sporet gjekk ho seg i dag altså inn til førsteplass. Over minuttet ned til andremann. Imponerende av Linda. Ho skyt betre enn dei fleste i verdscupsirkuset, uavhengig av kjønn. Og ho seiler opp som storfavoritt til fellestarten til helga. Linda og Ole Einar står begge over mix-stafetten i morgon. Dette er for å spare seg til dei neste løpa (fellestarten og stafetten). GRATULERER SÅ MYKJE LINDA! I dag jubler heile Noreg med deg...
11.02.07: Dagen kom, då Linda bestemte seg for å legge skia og geværet på hylla. Etter ein strålande avslutning på VM i Anterselva, med bronse på stafetten, legg ho opp umiddelbart. Linda fortjener all den ære ho kan få, og etter mange år i toppen av internasjonal skiskyting, kan ho no ta ein velfortjent kvil nokre månader, til det er i gong med studie og jobb. Takk for alt du har gitt oss i skisporet Linda, har vore konge å følgje på med kvart einaste løp du har gått. Konge, Linda!
03.12.06: Etter ein overbevisande oppvisning på både standplass og i sporet gjekk Linda inn til siger på jaktstarten i Østersund i dag. Ho skaut 19 treff, og vann med litt over 20 sekunder over Anna Carin Olofsson. Sesongens første verdscupsiger er eit faktum, og det vil ikkje vere overraskande om det kjem fleire. Ho ligg no på ein tredjeplass i verdscupen, to poeng bak verdscupleiar Andrea Henkel. Gratulerer Linda...
07.04.06: Så var NM over, og Linda reiste heim med eit gull og ein bronse. Fellestarten og stafetten stod ho over pga. sjukdom. No er sesongen snart over for Linda sin del, berre Lindalåmi, heime i Sirdal, og klubbmesterskapet står igjen. Etter dette venter ein måned fri, og så oppkjøring til neste sesong.
04.08.06: I morgon, 05.08.06, giftar Roger og Linda seg i Lunde Kyrkje heime i Sirdal. Det er venta over 100 gjester til middagen etterpå. Forrige helg var det showrenn i Sandnes, der Linda sjølvsagt vant. Og denne veka har landslaget vore på samling på Tonstad. det var også nyåpning av Feed skiarena, som no er borimot like god som ein verdscuparena.
01.12.06: Me har gått over til siste månaden i året, og sesongen er allereie godt i gong. Linda gjekk i dag sitt andre verdscuprenn for året og gjekk i mål til ein sjetteplass, det vart 14.plass på normalprogrammet på onsdag. Ei brukbar opning av Linda alt sett under ett. Det vil seie, fenomenal i sporet og dårleg på skytinga. Men akkurat det veit me at ho kan. Og forventningane treng difor ikkje vere låge før søndagens jaktstart, der ho startar 50 sekunder bak leiaren Gwizdon. Og halvminuttet bak kanskje den største konkurenten Kati Wilhelm. Sidan sist har Linda også gått to veldig gode løp på Beitostølen, femteplass i spesialengrennet viser at ho er i verdstoppen også der. Og dagen etter vart det ein knusande siger på fellestarten.
Dette lover bra for resten av sesongen!
21.09.06: Det kom kanskje ikkje som ei bombe :) Men Linda vann begge distansane under sommer-NM på Birkeland sist helg. Ho viser god form og setter standarden for vinteren. Linda har også etter bryllupet skifta etternamn til Grubben. Me gratulerer ho med vel overstått bryllup, og to NM-gull.
31.03.06: Linda beviser at ho er Noregs klart beste skiskytter ved å vinne NM-normalen. Resultater finn du på www.nmskiskyting.no. Linda gjekk raskast av alle, utanom Liv Grete, men det hjelper ikkje stort når du bommer sju, og mesteren treffer alle. Det vart til slutt tre minutt frå Linda ned til andremann, Tora Berger, og heile fem minutter ned til Kari Henneseid Eie på tredje. Liv Grete Poiree kom på fjerde rundt 5 og eit halvt minutt bak. Me gratulerer Linda og ønsker ho lykke til på fredag, lørdag og søndag.
05.05.06: Ein ny sesongoppkjøring har starta. Denne sesongen er VM i Anterselva det store målet. På sida "Bilete" har det no blitt lagt ut nokre bilete, fleire vil komme. Byrjar å bli litt lei dette dårlege piczo.com. Men eg kan ingenting om web-site laging. Vert difor slik som no ei stund til. Besøkstalet er enno bra, men eg mistenker eit par russarar for å dra tala opp...ein god del...